Turn
Histiorikk Hødd Turn
Ragnhild Kriken Garnes var pådrivaren for å få etablert ei turngruppe i Hødd saman med fleire andre, og 1.september 1978 vart turngruppa oppretta.
I 1981 kom også rytmisk sportsgymnastikk med. Også der var Ragnhild Garnes sentral. Opp gjennom åra har det vore mange flinke utøvarar både i turn og i RS (det som no heiter rytmisk gymnastikk).
Ny turnhall rett rundt hjørnet
Turngruppa er i ferd med å vekse seg ut av turnhallen på Myra og det er planar om ein turnhall på Høddvoll-området. I dag brukar turngruppa også treningstid på Ulstein skule, Ulstein Arena og i Ulsteinhallen i tillegg til på Myra.
Ein slik hall vil vere viktig for satsinga og interessa for turn i Ulsteinvik i åra som kjem.
Sara Skeide Saunes var ein flink turnar seint på 90-talet, og turnhallen på Myra kom i 1999 der mora Bodill Skeide var leiar for turngruppa i fleire år. Marianne Soløy var ei viktig drivkraft som turntrenar i fleire år.
Turngruppa har to æresmedlemmer i IL Hødd. I tillegg til Ragnhild Kriken Garnes er det Randi Dimmen som har vore trenar for barn og unge i Hødd i fleire tiår.
I mange år var Lisbeth Brevik Nesse svært sentral på RG som trenar for døtrene sine og mange fleire gymnastar. Solveig Saunes og Tonje Hjertø har teke opp arven her dei siste åra.
Familien Eiken Fosse (Vidar som trenar og Ann-Kristin som leiar) har stilt opp for sine døtrer og turngruppa i mange år. Edel Charlotte Eiken Fosse frå vesle Hødd er ein topp turnar på nasjonalt nivå. Ganske utruleg når ein kjem frå bygda vår. Hødd Turn er den einaste i Hødd-systemet som tilbyr aktivitet for aldersgrupper heilt ned til 3 år.
Guteturn
Også guteturn har fått sitt innpass dei siste åra med Vegar Brandal og Bjørn Roppen som to av trenarkreftene.
Når hallen står klar vil nok interessa for turn verte endå større for turngruppa, så framtida ser lys ut.
Styret i turngruppa
- Tore Liadal, gruppeleiar
- Kari Brandal, nestleiar
- Synnøve Grimstad
- Dag Roland
- Vegar Brandal
- Torgeir Grimstad
- Hennie Viseth
Kontaktinformasjon
Tore Liadal
T: 93481814
E:leiar.hoddturn@gmail.no