Handball

Vi vil gi alle barn, unge og vaksne som ønsker det, moglegheit til å spele handball i vår klubb. Den overordna målsettjinga i sortsleg plan for Hødd handball er ei rettesnor for all aktivitet i klubben. Handballgruppa har treningstilbod til born frå skulealder til vaksne veteranar.

Allidrett

Dei yngste gruppene startar med allidrett, i første omgang for barn  som er fødde i 2013/14.

Kjenner du nokon som er interessert? Send ein e-post til sport@hoddhandball.no. Treningane er kvar torsdag kl 16.30-17.30.

Generell informasjon

Hødd Handball har tilsett ein trenar som har hovudansvaret for dei eldste laga i klubben. Vidare og utanom dette så er det føresette som tek ansvar for å organisere støtteapparat for laga, og det skal opplevast som positivt å bidra til laget og klubben. Dette er viktig med tanke på å auke bevisstheit om haldningar og handballferdigheiter som bidreg til at spelarar utviklar seg. Dette gjer at vi bidreg til å styrka lagmiljø og samhald – mellom spelarar og foreldre.

Laga våre trenar og spelar kampar i Ulstein Arena og Ulsteinhallen – og har alltid plass til fleire spelarar. Sjekk heimesida for treningstider og møt opp ! Har du spørsmål ? Send oss ei melding på Facebook.

Linda Hårberg er leiar i Hødd Handball. Meir informasjon finn du ved å klikke på Hødd Handball. Då kjem du direkte til nettsida deira.

Styret i Hødd handball:

  • Linda Hårberg (leiar)
  • Lise A.Ulstein
  • Vedrana Terzic
  • Kristian Ekroll
  • Marius Rosbach
  • Lars Henrik Hasund
  • Susanne Løset

 


Linda Hårberg
Leiar Hødd Handball
T: 948 72 187
E: leiar@hoddhandball.no