Innebandy
Historikk
IL Hødd Innebandy er ei nyetablert undergruppe i fleiridrettslaget IL Hødd. Innebandygruppa hadde oppstart med treningar for barn hausten 2020 og blei ein del av Hødd våren 2021.
Innebandy er i rask vekst i Møre og Romsdal, med ei tredobling av medlemmer dei siste tre åra. Målt i spelelisensar er berre fotball og handball større i Noreg. Hausten 2020 var turen komen for introduksjon av innebandy i Ulsteinvik. Målet med å opprette innebandygruppa er å kunne gje eit tilbod av innebandy til born, unge og vaksne i Ulstein og omegn.
Pådrivaren for å etablere gruppen var utviklingskonsulent Tomas Trogstad i Norges Bandyforbund og styreleiar John Vartdal i IL Hødd Innebandy.
Treningar for born
Innebandygruppa for born består førebels av 1.-7. klassingar som trenar kvar fredag ettermiddag kl. 16-17 i Ulsteinhallen og treningane foregår både samla og todelt etter alderstrinn. Det har vore stor aktivitet og interesse for treningane i ei stadig veksande gruppe. Dette tilbodet er eit lågterskeltilbod som i hovudsak skal vere for gøy og moro.
Treningar i EL-innebandy
Innebandygruppa innan paraidrett trenar og spelar EL-innebandy kvar onsdag kveld kl. 18:30-19:30 i Ulsteinhallen. Dette er eit tilbod som gir fleire moglegheit til å vere aktivitet, vere sosiale og ha det gøy med innebandy.
Treningar for vaksne
Innebandygruppa for vaksne består av ungdommar og vaksne som trenar saman kvar onsdag kveld kl. 19:30-20:30 i Ulsteinhallen. Det krevst ingen kunnskap eller ferdigheiter for å prøve innebandy ettersom vi øver på grunnleggande ferdigheiter, gjer ulike øvingar og spelar. Uansett nivå så kan alle som ønsker å prøve innebandy delta.
Ta kontakt om du ønskjer å prøve innebandy (stor eller liten). Kontaktinformasjon lengre ned på sida.
Styret 2023:
- Odd Egil Holta, gruppeleiar
- Ivar Andrè Aadland
- Liv Elise Fugelsnes
- Niki Abassian
- Margaret Bjerkvik
- Johannes Kaul
Kontakinformajson innebandy:
Odd Egil Holta
T: 475 10 365
E: leiar.hoddinnebandy@gmail.com