IL Hødd

Hødd vart stifta fredag 1.august 1919 av 25 menn. Det vil seie klubben hadde ikkje namn før to dagar seinare då det var eit nytt møte og namnet vart bestemt. Det stod mellom Hødd og Ulstein Fotballklub.

I 1925 vart namnet endra til Idrætslaget Hødd då friidrett kom inn i klubben. Opp gjennom åra har det vore ulike grupper i Hødd, men fotball er den einaste som har vore der alle år.

Høddvoll vart etablert som anlegg for fotballen frå 1921 då grusbana gradvis vart etablert.

Etter krigen auka interessa for fotballen samtidig siom ei handballgruppe vart etablert i 1946 med nokre idrettsinteresserte damer. Dette varte berre nokre få år, og først i 1967 vart handballgruppa oppretta på nytt slik vi kjenner den no. Også den gongen var det idrettsinteresserte jenter som ville ha eit tilbod i regi av klubben.

Turngruppa vart etablert i 1978 og lever i beste velgåande den dag i dag. Trimgruppa kom i 1981 og har på sin måte bidrege til at folk i Ulstein går mykje turar i skog og mark.

Enkelte grupper har kome og gått. Friidrettsgruppa er den aller største. Etablert allereie på 50-talet med terrengløp, men fekk fart på sakene med Arne J.Eiken i 1961 og seinare på 60-talet med Sigmund Bugjerde i spissen. Friidrettsgruppa hadde si storheitstid på 70- og 80-talet, men etter laber oppslutning nokre år vart friidretten fusjonert med Dimna IL i 2007.

Badmintongruppa heldt også stand i mange år. Gruppa vart delvis oppretta av A-spelarar i fotball som ville ha eit aktivitetstilbod på vinterstid. Gruppa vart oppretta i 1961 og heldt til på Ulstein samfunnshus i mange år. I 2002 var gruppa lagt ned på grunn av sterkt sviktande interesse.

Andre grupper som har vore i IL Hødd si historie er til dømes boksing, vinteridrett og symjing.

 

I dag er IL Hødd eit fleiridrettslag med rundt 1300 medlemmer og svært stor aktivitet på breiddesida både i turn, handball og fotball.

 

Sportsleg sett har A-laget for menn stått for dei tre største prestasjonane i idrettslaget si 101-årige historie. Opprykket og spel i 1.divisjon i perioden 1965-1972, nytt opprykk til toppdivisjon i 1994-95 (Tippeligaen) og NM-gull i cupen i 2012.

I tillegg har friidrett teke NM gull for junior i 1984, J16-laget i fotball NM-sølv i 2010 og Edel Charlotte Eiken Fosse teke NM-medaljar i turn.

Den einaste som har spelt A-landskampar som Hødd-spelar er Kjetil Hasund (16 A-landskampar), men mange har spelt på aldersbestemte landslag opp gjennom historia. Og endå fleire har spelt A-landskampar etter at dei forlet Hødd. (Jan Åge Fjørtoft, Åge Hareide og Erika Skarbø er tre gode døme på det).

 

IL Hødd engasjerer svært mange, og er ein viktig faktor i Ulstein kommune, ikkje minst med tanke på å legge til rette for aktivitet for mange hundre barn og ungdomar året rundt.