Trim

For trimgruppa er det å skape fellesskap, bygge relasjonar og  fremje psykisk og fysisk helse viktig.

Hødd si trimgruppe arrangerer aktivitetar ute i naturen gjennom ulike fjellturar. Målet er å skape gode opplevingar i fellesskap med andre. Trimgruppa passar for alle, uansett alder, kjønn, eller fysisk form, om du har mykje, litt eller inga erfaring som turgåar. For trimgruppa er det å skape fellesskap, bygge relasjonar og samhandling, og fremming av psykisk og fysisk helse viktig

Skipa

Hødd Trim vart skipa i 1981 med Arne I. Jørgensen og Torbjørn Måseide sr. som to av initiativtakarane. Også Oddbjørg Walaunet, Tordis Hareide og Hans Otto Skeide var med frå starten.

Fjelltrimkonkurranse

Frå 1982 vart Hødd sin fjelltrimkonkurranse innført. Den legg opp til at mange skal få meir motivasjon til fine turar i fjella. Fjelltrimkonkurransen skjer her på øya, året gjennom. Arne Flatin er den mestvinnande i Hødd Trim si historie med 9 (ni) sigrar i fjelltrimkonkurransen etter 2021/22-sesongen.

Høddmarsjen

Hødd Trim har også i alle år arrangert Høddmarsjen, som regel rundt den tredje søndagen i september, dei siste åra med tur frå Bugardsdammen opp Mørdarbakken til gapahuken ved Lisjevatnet.

Eldsjeler

Gjennom mange år har særleg Lindor Skeide (æresmedlem i IL Hødd) og Karsten Starheim stått på for trimgruppa. Andre personar med lang fartstid er Tor Kåre Hareide (framleis med i styret), Anita Giske Eiksund, Odd Idar Garnes m.fl.

Styret i trimgruppa

  • Arne Flatin, leiar.
  • Anne Karete Breivik
  • Berit Sandvik Skeide
  • Bjørn Seljeset, styremedlem
  • Iselin Holstad
  • Magnar Taklo

Kontaktinformasjon Hødd trim

Arne Flatin

Arne Flatin
T: 915 71 410
E: arneflatin@gmail.com