Varsling

All form for trakassering og seksuelle overgrep er totalt uforeinleg med idretten sine- og våre verdiar. Vi har nulltoleranse for diskriminering og trakassering uansett kjønn, etnisk bakgrunn, livssyn, seksuell orientering og funksjonshemming i norsk idrett.

Sei ifrå!

IL Hødd skal vere eit trygt idrettslag. Sei ifrå om du eller andre opplever mobbing, diskriminering, trakassering eller overgrep.

Korleis seier du frå?

  • Du kan seie ifrå anten skriftleg eller munnleg til ein person med ansvar i idrettslaget.
  • Om du opplever at det er vanskeleg å seie frå sjølv, be om hjelp frå ein du stolar på.
  • Du kan melde frå på vegne av deg sjølv, barn eller andre.

Du kan:

  • Fortelje det til ein person med ansvar i idrettslaget som du har tillit til
  • Ringe leiar i idrettslaget eller leiar i gruppa du trenar med
  • Sende ein e-post til leiar i IL Hødd: leiar_il@hodd.no
    OBS: Ver varsam mtp deling av personleg informasjon, spesielt der barn er involverte

For meir informajson, sjå Idrettsforbundet sine retningslinjer her

For spørsmål, kontakt styreleiar

Iselin Eliassen Aske
E: leiar_il@hodd.no
T: 41062929