Fotball

Om Hødd Fotball

Hødd vart stifta 1.august 1919 som ein rein fotballklubb. Etter kvart vart stadion opparbeidd på Høddvoll etter ein drakamp om kvar anlegget skulle ligge.

IL Hødd fotball tilbyr fotballaktivitetar for barn frå dei er seks år gamle. Dei vert inndelte i lag fordelt på kjønn og alder. Treningene vert organisert av foreldre som tek på seg trenarverv, og aktivitetane er organisert gjennom dugnadsarbeid.

Hødd fotball har to satsingsområde for eldre barn og ungdom, fordelt på to utval:

  • Sportsleg utval topp
  • Sportsleg utval breidde.

Det skal vere kjekt å trene i IL Hødd Fotball, ambisjonar om toppsatsing, eller ikkje. Om ein er 6, 12, 19 år eller eldre.

Treningane foregår fordelt på dei ulike banene på Høddvoll:

  • Kunstgrasbana (ved sida av Gnist barnehage)
  • Tarebingen
  • Ulsmohallen
  • Stadion

Det er tilsette i Hødd Fotball som har ansvar for sportsleg utvikling og med kompetanse på barne- og ungdomsfotball. Dei skal blant anna følge opp aldersbestemte lag og foreldretrenarar, med meir.

Per Arve Moldskred er dagleg leiar i Hødd Fotball og har sin faste arbeidsplass på Høddvollhuset. For meir informasjon, gå direkte til nettsida til Hødd fotball ved å klikke på lenka under.

Styret i Hødd Fotball:

  • Bård Dalen (leiar)
  • Steinar Hauge
  • Ingunn Hestnes
  • Andre Nevstad
  • Einar Magne Skeide
  • Sigvald Skeide
  • Solveig Sundgot

Per Arve Moldskred
Dagleg leiar, Hødd Fotball
E: per.arve@hodd.no
T: 994 17 011