Bli medlem

Flesteparten av medlemmene i IL Hødd er aktive barn og ungdomar, men det er også mange støttemedlemmar. Alle kan bli medlem i IL Hødd- gamal eller ung, aktiv eller ikkje.

Sjølv om majoriteten av medlemmane i IL Hødd er barn og ungdomar, så har vi også fellesskap og aktivitetar for vaksne, som til dømes fjellturar i regi av trimgruppa.

Korleis bli medlem i IL Hødd

For å bli medlem i IL Hødd må du registrere deg og betale via IdrettenOnline. Det er berre ein mogleg kategori for medlemskap og det er Årskontingent medlem. Dette fordi vi er pliktige til å følgje Norges Idrettsforbund (NIF) sitt regelverk, og familiemedlemskap er ikkje lov. Det betyr at kvar og ein må registrere seg og betale medlemskapet sitt sjølv via IdrettenOnline. Ein må også vere registrert som medlem for å kunne stemme ved årsmøtet.

Bli medlem eller forny medlemskapet

Alle idrettslag er pålagde å bruke eit medlemssystem som er godkjent av NIF, og IL Hødd bruker medlemssystemet IdrettenOnline. Her skal medlemskontingent og treningsavgift fakturerast og betalast. Krav om eit godkjent medlemssystem kjem fordi idretten skal ha orden og kontroll på talet på medlemmer, og kven som er medlem. Du kan gå direkte til IdrettenOnline ved å klikke på knappelenka under.

Utmelding

Dersom du ikkje ønskjer å vere medlem i IL Hødd, så må du melde frå om dette skriftleg. Det gjør du på idrettenonline.no under mi konto og medlemsskap. Du kan sjå video om korleis melde seg ut her