Foto: Ingvild Aursøy Måseide/ Vikebladet Vestposten

IL Hødd si rolle

IL Hødd skal vere ein open og inkluderande klubb. «Høddånda» skal styrkast, og klubben skal til ei kvar tid få optimalt ut av tilgjengelege ressursar på alle område.

IL Hødd skal dyrke miljøet og frivillegheitskulturen.

Dette skal vere med på å skape eit godt grunnlag for aktivitet både i topp og breidde, og utvikle gode amassadørar for klubben. IL Hødd skal ta samfunnsansvar og vere ein inkluderande breiddeklubb, og for Ulstein kommune vere ein viktig bidragsytar til eit godt barne- og ungdomsarbeid.

IL Hødd skal vere ein regionalt forankra klubb og ta særleg ansvar for utviklinga av idretten på Søre Sunnmøre i eit nært samarbeid med klubbane i området.

Skape opplevingar.

Om det er på trening eller i konkurransar, om du er liten eller stor, far eller mor, publikum, supporter eller sponsor;

I Hødd handlar det om å skape opplevingar for alle. Små hendingar kan vere store opplevingar for den einskilde.  

Skape identitet.

IL Hødd skal vere ein klubb som folk flest kan identifisere seg med.
Klubben skal vere folkelegopen og inkluderande og framstå på ein positiv måte i alle samanhengar.

Skape profilar og gode forbilde

Positive profilar skaper positiv  identitet og merksemd. Gjennom prestasjonar og veremåte skal IL Hødd behalde og skape nye profilar som bryt barrierar og vere gode rollemodellar, både på og utanfor idrettsarenane.