Damefotball, IL Hødd

Historikk Hødd dame

Jente og kvinnefotballen i Hødd har ei ganske kort historie samanlikna med herresida. Det starta med nokre standhaftige jenter på slutten av 1980-talet.

Dette var jenter som var pionerar og som var første jentelag frå Hødd i Norway Cup i 1990. Seinare pressa dei same jentene gjennom eit seniorlag når dei er for gamle til aldersbestemte lag. I 1992 vart det etablert damelag med Einar Warholm som trenar.

Dette var den første skikkelege starten på jente- og damefotball i Hødd, og alt vart sett i gang av 1975-årgangen som verkeleg stod på krava og fekk gjennom både Norway Cup-deltaking og etablering av eit seniorlag.

Den andre runda med jente og damefotball kom for fullt då Kirsten Nordmo, Anne-Karin Hagenes og seinare Hugo Antonsen kom med for fullt. Hugo var med som trenar for dottera Silje frå 2001, og då laget rykte opp frå tredje til 2.divisjon i 2006 var det ambisjonar om spel i 1.divisjon. Jentene til Hugo kom frå 89, 90 og 91-årgangane, og dei gjorde det sterkt mellom anna med gull i Norway Cup-sjuar i 2004.

Antonsen var trenar for A-laget for damer til 2009 då han trekte seg ut. Kirsten Nordmo har vore med i langt over tjue år, og er framleis ei drivkraft for damefotballen i Hødd. I 2010 tok Harald H.Rise J16-laget heilt til NM-finalen der det vart 2-0 tap for Lyn på Høddvoll.

Dei siste åra har Hødd for det meste vore i 2.divisjon, men 2020-sesongen vart avlyst på grunn av korona-pandemien. I 2022 rykte Hødd ned etter 6.plass i 2.divisjon på grunn av omlegging og spissing av dette nivået frå og med 2023.

Den mest kjende spelaren som har kome frå Hødd på damesida er utan tvil Erika Skarbø. Eit unikt keepertalent som enda opp med A-landskampar og toppseriespel. Ho er no tilbake i Ulsteinvik og var mellom anna med i fotballstyret ein periode.

Kontaktinformasjon 

Per Arve Moldskred
Dagleg leiar
E: per.arve@hodd.no
T: 994 17 011