Historie, Hødd Fotball

Hødd vart stifta 1.august 1919 som ein rein fotballklubb. Etterkvart vart stadion opparbeidd på Høddvoll etter ein drakamp om kvar anlegget skulle ligge. Grusbana vart gradvis utvida, og det var stor interesse for fotballklubben i bygda dei første åra.

Utover på 30-talet hadde Hødd tyngdepunktet sitt på Saunes med mange gode spelarar derifrå, blant andre Johannes H.Saunes, som vart rekna som ein spelar heilt utanom det vanlege.

Etter krigen fekk Hødd ein oppsving med fleire spelarar som gjennom 50-talet spelte mange kampar for klubben. Hødd spelte kvalifiseringskampar for opprykk til Hovedserien (den øvste divisjonen) to gonger på 50-talet. Men det vart tap for Ranheim i 1952 og for Brage i 1959.

Kjende spelarar på 50-talet var Seljeset-brørne (Ottar og Inge særleg), Ertesvåg-brørne (særleg Eivind), Sundal-brørne (Nils, John og Sindre) og spelarar som Leiv Dimmen, Pella Gjerde og Steinar Hofseth.

I overgangen mellom 50 og 60-talet vart det eit generasjonsskifte der spelarane i det som er rekna som «gullalderen» i Hødd si historie kom med på A-laget.

Kjetil og Hallbjørn Hasund, Tor Meinseth, Jon Gjerde, Maggi Vik, Jan Ulfstein og Bernt Myklebust blant andre.

Reidar Steen Jensen kom inn som trenar med nye idear før 1963-sesongen og mange meiner dette var noko av grunnen til suksessen som kom åra etter. I tillegg stod grasbana ferdig sommaren 1963.

Hødd sitt A-lag vann 3.divisjon i 1963, men tapte kvalifiseringa. Opprykket til 2.divisjon kom derimot året etter i 1964, og Hødd greidde sensasjonelt å gå rett gjennom 2.divisjon i 1965 og rykte opp til 1.divisjon. 8-2 kampen på Lerkendal mot Kvik 10.oktober 1965 er ein av dei mest utrulege kampane i Hødd si historie.

I 1966 spelte Hødd i 1.divisjon for første gong, og slo Sarspborg 3-1 i serieopninga på Høddvoll.

Det vart nedrykk i ein opplevingsrik sesong, der tilskodarsnittet på Høddvoll var på 5500. Interessa på heile Sunnmøre var enorm. Kjetil Hasund debuterte på A-landslaget (fekk 16 A-landskampar gjennom karrieren) og det heile var som eit eventyr. Hødd var klubben som laga storspelarar av gråstein ut mot havgapet.

Hødd rykte opp for andre gong i 1968 og greidde deretter å klore seg fast etter sensasjonelle redningsaksjonar i siste serierunde både i 1969 og 1970. Også i 1971 var det så vidt plassen vart berga, men i 12-klubbserien i 1972 måtte Hødd gi tapt.  På denne tida dukka ein ny generasjon som store talent opp og kom med på A-laget samtidig som fleire av dei var på juniorlandslaget. Reidar Vikebakk, Martin Roald, Otto Sundgot, Svein Inge Urke og Åge Hareide var nokre av desse.

Hødd er den klubben i landet som har flest sesongar på nivå 2 i norsk fotball. Det seier ein god del om stabiliteten og tradisjonen i klubben.

Utover 70 og 80-talet var høgdepunkta færre enn på 60-talet, men kvartfinalen mot Vålerengens IF i august 1981 med 12 500 tilskodarar på Høddvoll vekte til live gode, gamle minne frå storheitstida.

På anleggssida har det skjedd mykje på Høddvoll, særleg etter år 2000. I 2003 kom den første kunstgrasbana (på gamle grusbana), i 2007 kom Ulsmohallen og i 2015 kom nye Høddvoll.

I tillegg kom det nye klubbhuset, Høddvollhuset, i 1984. Det er planar om eit nytt klubbhus på kortsida av stadion, men når det kjem er uvisst.

Sportslege høgdepunkt etter «gullalderen»  kan konsentrerast til 1994 og opprykket til Tippeligaen. Året i vår øvste serie i 1995 vart dessverre kortvarig etter mange kampar med stong ut.

Cupgullet i 2012 er nok det største enkeltøyeblikket i Hødd Fotball si historie.

Det å verte noregsmeister i fotball samtidig som ein nesten rykte ned til 2.divisjon nokre veker tidlegare kan vanskeleg skildrast i ord. Sterke sigrar over eliteserielag i dei tre siste cupkampane gjer at ein vanskeleg kan seie noko anna enn at cuptriumfen var fullt fortent. Haugesund (kvartfinalen), Brann (semifinalen) og Tromsø (finalen) var alle svært sterke motstandarar.

Opprykk til Eliteserien var nært både i 2013 og i 2015 med kvalifiseringskampar, men etter eit noko overraskande nedrykk i 2016 har klubben aldri greidd å kome tilbake, og i 2021 vert det dermed sesong nummer fem på rad på nivå tre i norsk fotball….