Omtale av æresmedlemmer i IL Hødd

Frivilligheita er idrettens arvesølv

Utan frivilligheit er vi sjanselause på å tilby noko i nærleiken av det aktivitetstilbodet vi gir i lokalsamfunnet vårt i dag – kvar dag, heile året. Her kan du lese om nokre av dei som har lagt ned ein betydeleg frivilleg innsats for IL Hødd.

Per Hatlemark

Per Hatlemark (1919-2003)

Han vert rekna som opphavet til Hødd si satsing på aldersbestemte spelarar, og fleire seier det var han som «oppdaga» Kjetil Hasund. Per var engasjert i Hødd all sin dag. Han vart i prinsippet utnemnd til æresmedlem allereie på 70-talet, men formelt skjedde det først i 1989 då dei første fem vart utnemnde i høve 70-årsjubileet til idrettslaget.

 

Sigmund Bugjerde

Sigmund Bugjerde (1926-2019)

Mange reknar Sigmund, saman med Arne J.Eiken som den som drog i gang friidretten i IL Hødd for fullt på 60-talet. I mange år utover på 70-talet var han sjølve drivkrafta for det svært så levande friidrettsmiljøet Hødd hadde då. Noko som toppa seg med NM-gull for juniorar i 1984. Sigmund var tilflyttar, frå Nordfjord, men rekna seg nok som ulsteinvikar etter rundt 50 år i bygda.

 

Pella Gjerde

Pella Gjerde (1933-2020)

I mange år var Pella storscorar på Hødd sitt A-lag, men æresmedlemskapet fekk han på grunn av den store innsatsen han la ned i idrettslaget etter at den aktive karrieren var over. Han var med på å starte badmintongruppa i IL Hødd, var aktivt med rundt gutte og juniorlaga i fotball der han saman med kona Åse dreiv kiosk på Høddvoll og skaffa viktige inntekter til laga. Han var ein av pådrivarane for å få på plass Høddvollhuset, og la ned eit stort arbeid med å halde ved like og utvikle klubbhuset i åra etter 1984.

 

Severin Myklebust

Severin Myklebust (1945-2021)

«Seven» kom som, Bugjerde, frå Nordfjord. Han var lærar og spelte på Hødd sitt A-lag rundt 1970, og fekk også med seg to kampar i 1.divisjon den sesongen. Han spelte ein del kampar for A og B-laga til Hødd, men var mykje plaga med skadar. Han var den første i Hødd som skaffa pengar via draktreklame. Utover 70 og 80-talet var han den “sterke mann” i Hødd, ofte som oppmann eller fotballformann. Han stod bak mange ulike prosjekt som ga klingande mynt i kassa. Saman med Pella Gjerde var han også kanskje den viktigaste drivkrafta for Høddvollhuset. Framleis er Severin å sjå på Høddvoll nesten dagleg og har eit stort blått Hødd-hjarte.

 

Kjetil Hasund

Kjetil Hasund (1942-)

Hødd si aller største legende gjennom tidene. Kjetil var mannen som personifiserte Hødd-eventyret på 60-talet. Han var ein strålande klubbspelar og storscorar. 460 mål på 646 kampar. Det kan aldri nokon greie å kopiere i ei Hødd-drakt. 16 A-landskampar som Hødd-spelar. Den einaste i klubben som har A-landskampar som Høddar. Etter karrieren har han også bidratt i over 20 år som trenar på ulike nivå og som tillitsvald i ulike samanhengar. Han har vore og er framleis ein strålande ambassadør for Hødd.

 

Hans Otto Skeide

Hans Otto Skeide (1944-)

I 2019 fekk han som den aller første i IL Hødd si historie den gyldne plaketten for 50 år som frivilleg. Det er veldig imponerande. I alle desse åra har han vore ein aktiv frivilleg i Hødd. Han har vore med i både hovudstyre, trimstyre og andre styre, men det er likevel som «fotsoldat» han har gjort den store innsatsen for IL Hødd. Den dag i dag ser du Hans Otto stadig vekk på Høddvoll. På gamlestadion hadde han ansvaret for stadionuret, så den digitale tavla. På det nye stadion er det heising av flagg som er oppgåva på kampdag.

 

Kjell Garnes

Kjell Garnes (1934-)

Kjell var med på gull-laget som rykte opp i 1.divisjon i 1965, og spelte kampar også i 1966. Som tillitsvald har han ei lang merittliste bak seg. I mange år var han hovudstyreleiar for IL Hødd, og var ein pådrivar for klubben i denne perioden. Mellom anna då A-laget rykte opp i Tippeligaen til 1995-sesongen. Som banksjef i mange år visste han ofte kva som skulle til for å bygge bruer både mot næringsliv og kommuner. Ein stor Hødd-patriot, om enn med frynsete nervar mot slutten av kampane.

 

John Osnes

John Osnes (1947-)

John fekk tildelt æresmedlemskapet etter at den første kunstgrasbana stod ferdig seint i 2003. Han har alltid vore ein ivrig Høddar, og var i 10 år på rad leiar for anleggsutvalet i ein periode der det vart mykje utvikling på denne viktige biten av klubbdrifta. John held framleis koken på anleggsida i klubben saman med ein god gjeng med andre frivillege. Han er ofte å sjå på stadionanlegget.

 

Ragnhild Kriken Garnes

Ragnhild Kriken Garnes (1950-)

Ragnhild var første kvinne som æresmedlem i IL Hødd. Ho var med på å skipe turngruppa i IL Hødd i 1978 og vert gjerne rekna som drivkrafta i turngruppa dei første åra. Ho har mange år som frivilleg i klubben og særleg den tida jentene hennar var med på RS (rytmisk sportsgymnastikk). Ho har vore trenar og leiar i mange år. I 2019 sat ho i jubileumskomiteen til IL Hødd og vart vald inn som medlem i heidersmerkenemnda til IL Hødd i 2020.

 

Reidar Vikebakk

Reidar Vikebakk (1950-)

Reidar har over 40 år som frivilleg i Hødd. Før den tida var han en veldig så habil fotballspelar med kampar på juniorlandslaget og i 1.divisjon for Hødd. Han har i fleire periodar vore trenar for A-laget, og dei siste åra vore med på å legge til rette for at unge, talentfulle fotballspelarar skal få utvikle seg og blomstre i klubben. Reidar er framleis ofte å sjå på Høddvoll, godt kledd og med tannpirkaren på plass i munnvika, som varemerke.

 

Kalle Strandabø

Kalle Strandabø (1950-)

Han var trenaren som fekk Hødd til Norway Cup for aller første gong i 1981. Det vart som vi veit ein suksess i åra etterpå med fleire gode prestasjonar. Kalle var trenar for ulike aldersbestemte lag i mange år, mellom anna for dei gode 71,72 og 73-årgangane. Han har også vore assistenttrenar på A-laget og har vore aktivt med i jente- og damefotballen i fleire år.

 

Randi Dimmen (1951-)

Randi var den andre frå turngruppa som fekk tildelt æresmedlemskap. I fleire tiår har ho stilt opp som trenar for ulike grupper i Hødd Turn. Ho er framleis aktivt med som trenar og har gjennom alle desse åra vist ein lidenskap for å bidra til det beste for barn som vil  drive med turn. Dottera hennar, Jannike, har gått i fotspora som både aktiv og seinare som trenar, og ho har barnebarn som er med i RG (rytmisk gymnastikk). Så her går verkeleg lidenskapen i arv frå generasjon til generasjon.

 

 

Tor Meinseth (1940-)

I mange år var Tor ei «kjempe» på Hødd sitt A-lag. Han var kaptein då laget sensasjonelt kom seg opp i 1.divisjon hausten 1965. Han var i fleire år trenar for aldersbestemte lag, mellom anna juniorlaget på 80-talet som sikra seg KM-gull år etter år. Æresmedlemskapet fekk han tildelt for at han i mange samanhengar snakka varmt for og var aktivt med for at Hødd skulle kome gunstig ut når viktige saker vart behandla i kommunale organ. Tor var nemleg i ei årrekkje politikar for Ulstein Høgre i tillegg til engasjementet i Hødd.

 

Liv Janne Dalehamn

Liv-Janne Dalehamn (1961-)

Den første æresmedlemmen frå Hødd handball. Ho har i fleire tiår dømd handballkampar for Hødd og vore med i styre og utval. Lidenskapen for handball er svært stor, og ho var i mange år aktivt med som spelar på A-laget. Då Hødd handball arrangerte Fire-nasjonars-turnering i nye Ulsteinhallen var det Liv-Janne som tok seg av dei internasjonale dommarane som dømde verdas beste handball-lag. I 2019 sat ho i jubileumskomiteen til IL Hødd.

 

Eldor Skeide

Eldor Skeide (1957-2021)

Han var den første daglege leiaren i Hødd Fotball frå midten av 80-talet. “Høddhenta” inn av Severin Myklebust. Etter ein 10-årsperiode som dagleg leiar har han halde fram med å yte for Hødd, men no som frivilleg. Han har vore ansvarleg for fleire av dei store anleggsprosjekta til Hødd Fotball og har lang fartstid i ulike styre og utval i klubben. Seinast i fjor var han med i jubileumskomiteen til klubben og har i mange år vore med i heidersmerkeutvalet og lovutvalet.

 

Andre Nevstad

Andre Nevstad (1972-)

Han er etter Kjetil Hasund kanskje det næraste ein kjem ei Hødd-legende. I rundt 20 år var han dagleg leiar for Hødd Fotball og gjerne sportssjef og kaptein på A-laget i tillegg. Han har klubbrekorden i talet på A-kampar (683) og har i mange år vore ein pådrivar for anleggsutbygginga på Høddvoll. I fjor sat han i jubileumskomiteen, og i mange år var han med i heidersmerkenemnda.

 

Lindor Skeide

Lindor Skeide (1947-)

Den første som fekk æresmedlemskap frå trimgruppa i Hødd. Frå 1996 til og med 2019 sat han samanhengande som leiar for gruppa. Han har vore ein aktiv pådrivar saman med Ulstein kommune for å få bygd turvegar i fjella. Som leiar for Hødd Trim og i tillegg grunneigar har han hatt gode arbeidsforhold for å få til dette. Næringslivet har stilt villeg opp saman med kommunen og ofte har Lindor vore den enkeltpersonen som har fått fart på gjennomføringa av fleire ulike prosjekt.

 

Jan Roppen

Jan Roppen (1936-)

Jan har meir enn 40 år på baken som frivilleg i Hødd, men kom med allereie på 50-talet.  Ikkje minst på anleggsida har Jan vore aktiv,  også som bussjåfør på mange Hødd-turar og på dugnadar på Høddvoll. På kampdag styrer han parkeringa med myndig hand. I sine yngre år var han med på å arrangere Hødd-festar på samfunnshuset og var med i fotballstyret. Han er ein stor Hødd-patriot som alltid har stilt opp når det har vore bruk for ei hjelpande hand på anlegget.

 

Arne Flatin

Arne Flatin (1965-)

Han har vore opptatt av Hødd frå han var gutunge. I mange år har han dokumentert klubben si historie gjennom tre jubileumsbøker (1994, 2009 og 2019) og mange årbøker (2010-2021). Arne er klubben sin faste fotograf og har sidan 90-talet hatt ansvaret for statistikken rundt fotballgruppa. Han har vore fotballformann, oppmann for ulike lag, keepertrenar for smågutte / gutte og damelag og trenar for aldersbestemte lag i mange år. I fleire år har han vore leiar for heidersmerkenemnda til IL Hødd og han var i 2019 leiar for jubileumskomiteen. Han sit i hovedstyret som leiar for Hødd Trim.