Stolt, audmjuk og inkluderande- Norway Cup 2023

Dagen før avspark

I morgon startar endeleg ei ny runde med Norway Cup, og frå Hødd er det 10 lag i alderen 13-19 år som skal vere med. Overnatting på skule er noko eg ser tilbake på som spesielt gode minne. Fellesskap, nye relasjonar, uskyldige rampestrekar, godteri, luftmadrass utan luft, forelsking og kanskje den sure avstandsforelskinga etterpå.

Så snart ein gjer seg klar for avreise til sletta, så er det kampførebuing som tel, og fokuset er flytta til kampen som skal spelast. Mange har ein draum og mål om pallplassering, andre fordi det er gøy.

Verdiar og  resultat

I fjor- og som året før det igjen, har media delt historier om barn og ungdom som ikkje har fått spele, eller berre fått nokre få minutt på bana. Ikkje la Hødd verte ei av desse historiene som vi får høyre om, og endå viktigare- ikkje la våre ungdomar få ei slik oppleving.

Som idrettslag skal vi være audmjuke nok til å vedgå at dette også har vore tilfelle med oss. Når, kven og kva er ikkje viktig her. Poenget er at vi må ta med oss desse erfaringane og lære av dei, og at vi heile tida har mål om å bli betre.

Det å vere inkludert, og samtidig ekskludert er vondt. At denne opplevinga kjem på bakgrunn av handlingar av vaksne og trenarar  gjer det ekstra vondt. Dette legg og ein dempar på dei gode opplevingane som er med skuleovernatting. Ein eventuell pokal, godt plassert i bilen på veg heim til Ulsteinvik, vil smake langt betre der alle har fått godt nok med speletid.

I år er det også premie til det laget med flest fair play poeng. Dette vil og vere ein fin premie å kome heim igjen til Ulsteinvik med.

Ønskjer alle ei strålande oppleving på Norway Cup, og lukke til!

 

Iselin Eliassen Aske
Styreleiar IL Hødd