Marco Elsafadi til Hødd
Få med deg eit inspirerande og viktig tema om like moglegheiter, der idrettsjenter og jente-damefotball er i fokus. Dette som ein del av Hødd Fotball sitt arrangement og Slaget om Søre Sunnmøre, der vi også har mål om 500 tilskodarar i kampen mellom Hødd A-lag dame og Volda.
IL Hødd ønskjer å invitere lokale idrettslag, trenarar, lagleiarar, sponsorar, mfl, til ein fredagsprat med Marco den 06. sept.
Dato: Fredag 05. september
Tid: 17.30-19.00
Stad: Høddvollhuset
Marco Elsafadi har ei imponerande karriere bak seg som basketballspelar, og spelte i fleire år på det norske landslaget. Marco sit no i idrettsstyret til Norges Idrettsforbund, og han er ei svært ettertrakta føredragshaldar i både næringsliv og frivilligheita.
Tema for kvelden er like moglegheiter- og fra ord til handling, der fokuset er på idrettsjenter og jente-damefotball
Stikkord til innhald/tema:
- Like moglegheiter- på rett veg?
- Betydning av haldningar og verdiar i idrettslaget
- Kultur og kulturendring for å lukkast
- Kvifor kvinneidretten er kommersielt interessant
Like Moglegheiter med sitt mantra frå ord til handling, er eit unikt verdi prosjekt som har klart å skape varige endringar i idretten
Slaget om Søre Sunnmøre, Pizza-Vip og 500 på kamp
Få med deg kampen mellom Hødd A-lag dame og Volda, laurdag 06.09, kl. 14.00. Ta med familie, venner, kollega, mfl, og støtt oss i målet om 500 tilskodarar. Dette er også ei kamp for like moglegheitar, der vi setter idrettsjenter og jente-damefotballen i sentrum. Gratis billett for alle som vil på kamp
Oppfordrar arbeidsgivarar, bedrifter og sponsorar til å støtte damelaget og jente-damefotballen til å kjøpe Pizza-Vip før kamp. Eit viktig tiltak for like moglegheiter, draumar, anerkjenning mm. Meir info om Slaget om Søre Sunnmøre her