Innkalling til årsmøte i IL Hødd

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i IL Hødd

Dato: Måndag 16. mars 2026
Klokka: 19.00
Stad: Høddvollhuset

Saker som eit medlem ønskjer behandla på årsmøtet, må sendast til styret seinast to veker før årsmøtet og innan 2. mars. Forslag må sendast på e‑post til leiar_il@hodd.no

Saksliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei (1) veke før årsmøtet, og vert lagt ut på heimesida til IL Hødd. For å ha stemmerett og vere valbar til verv må ein ha vore medlem i IL Hødd i minst éin månad, fylle 15 år det kalenderåret årsmøtet vert halde, og ha oppfylt medlemsforpliktingane.

Alle medlemmer har møte-, tale- og forslagsrett. For meir informasjon om årsmøtet og reglar knytte til stemmerett, valbarheit, forslagsrett mm., sjå Høddlova, eller kontakt styreleiaren i idrettslaget på e‑post leiar_il@hodd.no eller telefon 410 62 929.

 

Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing
Styret i IL Hødd