Innkalling til årsmøte i IL Hødd
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i IL Hødd
Dato: Onsdag 05. mars 2025
Klokka: 19.00
Stad: Høddvollhuset
Klokka: 19.00
Stad: Høddvollhuset
Saker som eit medlem ønskjer behandla på årsmøtet, må sendast til styret seinast to veker før årsmøte og innan 19. februar. Forslag til styret må sendast pr. e-post til leiar_il@hodd.no. Saksliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemmene seinast ei (1) veke før årsmøtet, og lagt ut på heimesida til IL Hødd.
For å ha stemmerett og vere valbar til verv må ein ha vore medlem i IL Hødd i minst ein månad, fylle 15 år det kalenderåret årsmøtet vert halde, og ha oppfylt medlemsforpliktingane. Alle medlemmer har møte- tale- og forslagsrett. For meir informasjon om årsmøte og om reglar knytt til stemmerett, valbarheit, forslagsrett mm, sjå Høddlova, eller kontakt styreleiar i idrettslaget pr. e-post til leiar_il@hodd.no eller på telefon 410 62 929
Velkomen til årsmøte!
Med venleg helsing
Styret i IL Hødd
Styret i IL Hødd