Innkalling til årsmøte i IL Hødd, 2022

Det vert hermed kalla inn til årsmøte i IL Hødd.

Dato: Onsdag 16. mars
Klokka: 18.00
Stad: Høddvoll

Saker som eit medlem ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast til styret seinast to veker før årsmøtet (02. mars). Forslag til saker sendast til e-post adressa leiar_il@hodd.no.

Lenke til digital deltaking, fullstendig sakliste og naudsynte saksdokument med forslag til årsmøtet, vert gjort tilgjengelig seinast ei (1) veke før årsmøtet på gruppene sine heimesider.

Stemmerett og valbarheit

For å ha stemmerett og vere valbar må ein ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst éin månad og ha oppfylt medlemforpliktingane.

 

Velkomen til årsmøte!

Med venleg helsing
Styret i IL Hødd