Foto: Arne Flatin
Foto: Arne Flatin

Ingrid Beate- vi treng deg!

IL Hødd er stolt av Ingrid Beate som nyleg varsla- og valde å vere open om å ha vore utsett for seksuell trakassering.

Dette under ein fotballkamp mellom Bergsøy G16 og Valder. Til Ingrid Beate sine spelarar på Bergsøy sa dommaren som dømde kampen at «dere må kjappe dere, å tafse på treneren kan dere gjøre etter kampen»

Dette er seksuell trakassering og det strid direkte med visjonen om idrettsglede for alle. Seksuell trakassering og overgrep er ei utfordring i det norske samfunnet, og idretten speglar samfunnet- på godt og vondt. Dessverre er det altfor ofte at seksuell trakassering ikkje vert varsla, handtert og reagert på.

Ingrid Beate kjempar allereie ein kamp om å nå draumen sin – å få jobbe som fotballtrenar. Det ho gjer banar veg for yngre jenter som kjem etter. Det at ho står fram med- og delar opplevinga ho hadde med dommaren vil gjere det lettare for andre barn, ungdom og vaksne og varsle

Vi treng gode rollemodellar, og vi i IL Hødd er heldige som har personar som Ingrid Beate. Det ville vore mykje enklare, meir behageleg og langt mindre styr å berre la det ligge, og ikkje gjere noko ut av det. Det at ho varsla- og i tillegg valde å vere open om trakasseringa- det står det enormt stor respekt av.

Vi treng fleire kvinner i idretten og vi treng fleire som Ingrid Beate! Ta gjerne kontakt med oss dersom du er nysgjerrig på trenarverv i IL Hødd.

Til slutt og til inspirasjon, sjå her

 

Iselin Eliassen Aske
Styreleiar IL Hødd