Foto: Arne Flatin

IL Hødd etablerer Barneidrettsutval

Hovudstyret i IL Hødd har vedteke å opprette eit felles barneidrettsutval i idrettslaget. Formålet er å sikre gode rammer for barneidretten, førebygge konfliktar og handtere saker i tråd med NIF og IL Hødd sine retningslinjer. Utvalet skal vere rådgivande og støttande, og bidra til å skape eit positivt og trygt miljø for alle. 

Utvalet skal vere eit lågterskeltilbod og vere ein ressurs for både trenarar, foreldre, styre og administrasjonen i klubben.

Samansetning

  • 3–5 personar, med ein representant frå kvar gruppe i idrettslaget
  • Medlemmane skal veljast av årsmøtet etter innstilling frå valkomiteen
  • Utvalet rapporterer til hovudstyret minst ein gong i året

Foreldre, trenarar og andre som har bekymringar kan ta direkte kontakt med utvalet. Målet er å involvere utvalet tidleg for å førebygge eskalering av konfliktar og sikre gode løysingar. Dette er eit viktig steg for å styrke barneidretten i IL Hødd og sikre at verdiane Stolt – Audmjuk – Inkluderande vert levd ut i praksis.

Utvalet vil først vere på plass etter årsmøte i mars 2026.

Vil du vite meir? Les heile mandatet ved å klikke på lenka under. Du kan og ta kontakt med styreleiar i idrettslaget for meir informasjon eller spørsmål.