Gratulerer med grunnlovsdagen
Til tross for Korona og begrensa feiring, så vert dagen markert over heile landet på ulikt vis. I ein ellers så hektisk kvardag så stoppar vi kanskje litt opp på grunnlovsdagen, og gjer oss nokre refleksjonar.
I dag vert vi minna om at vi bur i eit land der vi vert født som frie individ med rettigheitar og mogleigheitar. Friheit til å bestemme over eige liv, til å ta eigne og sjølvstendige val, ytrings- og religionsfriheit, retten til kvile og fritid, er blant nokre av prinisppane i grunnlova og norsk lov.
Som idrettslag har vi ei viktig rolle i lokalsamfunnet og vi er stolt over å kunne få bidra til fellesskap, inkludering og identitet. Det å starte eller delta i foreiningar er nedfelt i den norske grunnlova.
Kvar og ein kan sjølv velje å melde seg inn eller ut i den foreininga dei sjølv ønskjer. Dette utan frykt for konsekvensar, også eit privilegium som andre ikkje har.
Takka vere den norske grunnlova så har IL Hødd rett- og moglegheit til å bidrar til eit godt barne- og ungdomsarbeid i lokalsamfunnet. Vi vil halde fram med å skape gode opplevingar- store som små, identitet og inkludering i eit mangfaldeg fellesskap.
Vi håpar at vi på 17 mai 2022 kan feire nasjonaldagen på normalt vis. Då sjåast vi i 17.mai toget. Ha ei god feiring!
Iselin Eliassen Aske
Styreleiar IL Hødd