Forslag til styre og verv i IL Hødd

Har du forslag til kandidatar for styre og verv i IL Hødd?

Årsmøte i IL Hødd er torsdag 21.mars, og det skal her veljast kandidatar til ulike styre og verv.

Alle som har betalt medlemskontingent og fyller minst 15 år i kalenderåret, har forslagsrett og er valbare. Me ønskjer forslag til namn på aktuelle kandidatar.

Innkomne forslag på kandidatar vert vurdert av valkomiteen som legg fram forslag til innstilling på årsmøte. Forslag på kandidatar til valkomiteen kan også sendast direkte til styret. Me gjer merksam på at foreslåtte kandidatar ikkje automatisk vert innstilte, men må vere førebudd på å verte kontakta av valkomiteen.

Forutan namnet på kandidaten er det fint om du kan sei noko om vedkomande som f.eks. eigenskapar, kompetanse, tidlegare erfaring, ol. Hugs å opplys om ditt namn og kontaktinformasjon.

Vi håpar på stort engasjement frå medlemmane for å få fram gode kandidatar av begge kjønn til viktig tillitsverv i idrettslaget.

NB: Du må gjerne foreslå deg sjølv også som kandidat!

 

Med vennleg helsing 
Valkomiteen og hovudstyret