Føredrag med Marco Elsafadi
Dato: Torsdag 20.oktober
Tid: frå 20.30-21.30
Stad: Sunnmøre Folkehøgskule
Alle aktive, trenarar og lagleiarar i IL Hødd er invitert (frå og med ungdomsskule)
Marco vil snakke om samspel, relasjon- og lagbygging, og det å gjere kvarandre gode.
Vi oppfordrar alle som kan om å møte. Marco er tidlegare toppidrettsutøvar, eldsjel, rettleiar og ei ettertrakta og prislønt føredragshaldar. Han er oppteken av krafta som oppstår mellom menneske– på godt og vondt, og med sin reflekterande og lune formidlingseigenskapar held han føredrag om tema som motivasjon, arbeidskultur, sjølvtillit, relasjonar, meistring og integrering.
Velkomen!