Arne Flatin er årets eldsjel i Møre og Romsdal
Meir enn 700 personar over heile landet vart nominert til årets eldsjelpris, og Arne vart 1/11 fylkesvinnarar! Vinnaren vert kåra i Januar under idrettsgallaen som går på direktesendt og riksdekkande TV.
Og endeleg kom dagen vi har venta på, og gjett om vi har gleda oss. Det har vore smertefullt vanskeleg å ikkje fortelje eller røpe noko som kunne øydeleggje overraskinga. I går føremiddag trudde Arne at han skulle ha medarbeidarsamtale, og venta å sjå sjefen då dørklokka ringde. I staden kom ei heil delegasjon med personar frå idrettskretsen, NIF, norsk tipping, NFF, og presse. I september då idrettsforbundet opna for nominasjon til årets eldsjelpris, så fall det heilt naturleg å nominere Arne. Den frivillige innsatsen han har gjort gjennom 40 år, har no vorte kjent for- og verdsett også for personar utanfor eigne fylkesgrenser.
For IL Hødd og for lokalsamfunnet er fylkesprisen av stor verdi, og den gir inspirasjon og motivasjon til alle som gjer ei frivillig innsats i idrettslaget og lokalsamfunnet.
Vi er stolt og full av respekt!
Og Arne- om du ikkje skulle gå heilt til topps i januar, så er du i våre auge ein vinnar og vi heiar på deg!
Juryen for årets eldsjelpris er Kjetil André Aamodt, Marit Bjørgen, Olaf Tufte, Aida Dahlen, Glenn Solberg, Frode Grodås, Tiril Eckhoff, Silje Norendal og Zaineb Al-Samarai
Ei betre representant og førebilete for frivillig arbeid skal ein leite lenge etter.
Sjå reportasje frå Sunnmørsposten og NRKNRK
Helsing hovudstyret i IL Hødd