Ulsteindagane 2025 – Tre festivalar, éi stor folkefest!
Har du høyrt det? IL Hødd skal arrangere Ulsteindagane – ein spektakulær tredagars fest med tre unike festivalar: underhaldningsfestival, aktivitetsfestival og trebåtfestival! Vi har slått oss saman med Hindholmen, som også er ein frivillig organisasjon, for å skape ein variert og innhaldsrik festivaloppleving for alle 🤩
Trebåtfestival – Aktivitetsfestival – Underhaldningsfestival
Hindholmen står for trebåtfestivalen, med alt det spennande programmet som høyrer med på dagtid. Samstundes står IL Hødd for aktivitets- og underhaldningsfestivalen.
For å sikre topp underhaldning har vi inngått eit samarbeid med Ulstein Event, som bidreg med sin ekspertise, og her er det god hjelp å få!
Alle kveldane med underhaldning blir samla under eitt og same tak – Ulstein Arena! Med andre ord: Ei garantert tørr oppleving (bokstaveleg talt) 😊☀️
Her får du quiz, stand-up og musikk i toppklasse med fantastiske artistar som Bernt Hulsker, Ylvis, Carina Dahl og Feel It på scenen!
På dagtid kan du også delta på spennande aktivitetar organisert av idrettsgruppene våre, som handball, fotball, turn og innebandy – pluss mykje anna.
Som idrettslag er vi stolte og glade over å kunne invitere lokalsamfunnet til denne folkefesten. For oss i IL Hødd er dette ei ny oppleving, så vi kjenner oss spente- men også klare! 😊
Vi håpar du gledar deg like mykje til Ulsteindagane som det vi gjer!
NB!
Eventuelle overskot frå festivalen skal gå til å støtte dei aktive medlemmene i klubben.
Sponsor og støtte
Ein stor takk til Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN, Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og Sparebank Norge for å gjere dette mogleg!
Du kan allereie no kjøpe og sikre deg billettar👇