17. mai helsing frå IL Hødd

Gratulerer med nasjonaldagen!

I år har 17. mai komiteen i Ulsteinvik invitert oss til ei etterlengta tradisjonell festdag.

Når vi feirar Grunnlovsdagen i dag, veit vi at dette ikkje er ein sjølvfølge. Krigen i Ukraina har skapt mykje uro, frykt og usikkerheit for framtida. Ulsteinvik har i mange år teke i mot personar som på grunn av krig har måtte flykta frå heimlanda sine. Krig og kjennskap til flyktningar er ikkje ukjend og nytt for lokalsamfunnet vårt, men krigen i Ukraina er nærare og meir synleg for oss. Dette skapar frykt og i frykta ligg det ei form for respekt, ei respekt vi ikkje skal ta for gitt.

2022- Frivilligheitas år

Det er frivilligheitas år i år, og frivillig innsats skal feirast over heile landet. I 2018 stod frivillig arbeid for ein verdiskaping tilsvarande 78 milliardar kroner, og den frivillige innsatsen tilsvara 120 000 årsverk (SSBs satellittregnskap for frivillig sektor 2020).

IL Hødd vil nytte høvet og takke alle som gjer ein frivillig innsats i IL Hødd, og i lokalsamfunnet generelt. Utan frivillige hadde det ikkje vore mogleg for oss å skape fellesskap, inkludering, tilhøyrigheit og meistringskjensle for barn og unge. Berre i IL Hødd vart det i 2021 lagt ned 100 000 frivillige arbeidstimar, noko som tilsvara 51,3 årsverk, og nærare 18,5 mill. kr.

Avslutningsvis vil vi og sende ein stor takk til alle som har gjort- og gjer ein frivillig innsats på 17. mai- landets største dugnadsdag. Utan 17. mai komiteen, korpsa, lag, organisasjonar og foreiningar, så hadde det ikkje blitt ein festdag med festkledde folk tett i tett, tog, korps, gudsteneste, minnemarkering, Café, leikar, friluftsfest, bil- og båtkortesje, taler, song, russ, pølse og is.

Ha ei festkledd og solrik feiring!

 

Iselin Eliassen Aske
Styreleiar, IL Hødd