No når julefreden er i ferd med å senke seg, so vert det litt tid til både refleksjon og takksemd. Etter seks år som styreleiar i IL Hødd, har eg no bestemt meg for å takke av på neste årsmøte
Eg har i desse åra lært utruleg mykje, både fagleg og personleg, og mellom anna at det å styre eit idrettslag ikkje nødvendigvis betyr at du alltid veit kva du held på med. I den samanhengen har eg blitt betre på å ikkje ta meg sjølv så høgtideleg, og heller tørre å prøve og feile.
At det har blitt nokre «gleppar» her og der, er det ingen tvil om, men som oftast dei som ein seinare kan le av. Som då eg hoppa rett over dei første ti sakene på sakslista i eit årsmøte. Eller då eg sovna før eit styremøte der også kontrollkomiteen var innkalla. Då bråvakna eg av at telefonen ringde- og Kari Mette Sundgot, som spurde om eg var på veg (hadde sju ubesvarte anrop frå ho då). Her var det berre å kaste seg rundt og ta beina fatt.
Eg må faktisk erkjenne at det er litt vemodig at først no, når eg er på mitt siste år, så har eg kanskje fått litt av den tryggleiken og sjølvtilliten eg ønskte for seks år sidan 😊
Ansvar
Først etter eit par-tre år gjekk det opp for meg kva ansvar hovudstyret og styreleiar faktisk har i eit fleirdrettslag, noko som var – er – og kanskje bør vere ei litt skremmande tanke (?) Det er fleire kritiske område som hovudstyret sit med det juridisk ansvaret for, som f.eks arbeidsmiljø og personaloppfølging, hms, politiattest, varslingssaker, mm. Hovudstyret kan delegere oppgåver, men ikkje ansvar.
Dette seier det meste om kor viktig det er med god dialog, tillit og samspel innad i klubben, ei tydeleg organisasjonsstruktur og felles styringsdokument, noko vi no jobbar godt med.
Viktige lærdommar for framtida
Eg kjem garantert til å sjå takksamt på tida i hovudstyret, og det har utan tvil vore gode og verdifulle år. Likevel har det vore både episodar og saker der vi som klubb har bomma, snubla og handtert ting feil. For meg er det viktig at vi som idrettslag er audmjuke nok til å erkjenne dette, elles vil vi ikkje ta lærdom av det. Dei siste to åra har det vore nokre vanskelege og krevjande saker som har krevd mykje tid, energi og krefter. Samtidig er det viktig at alle som er medlem i idrettslaget kjenner seg trygge på å melde frå om saker som ikkje høyrer heime. Dei sakene vi dei siste åra har behandla som varsel, har vist seg å vere både viktige og rette, og for idrettslaget har dette vore ei bratt læringskurve.
IL Hødd er meir enn berre eit idrettslag, noko som vart heilt tydeleg for meg under Ulsteindagane. På seks dagar vart det av frivillige i Hødd, på tvers av gruppene, lagt ned om lag 1200 dugnadstimar.
Dette stadfestar at fellesskap, verdiar og drivkraft står sterkt i Hødd.
Vegveksel og nye mål
Eg kjenner at tida er inne for å gi seg no. Når ein ikkje har meir å gi, så er det slik det er. Med ny jobb og meir ansvar, og ønskje om meir tid med familien, så var dette rette avgjerda for meg. Dei siste åra har eg også vore engasjert i jente- og damefotballen i Hødd, noko eg har interesse av å få kunne fortsette med.
God jul og godt nytt år
Iselin