Årets gledesspreiar

Søndag 23. november er MOT til å glede-dagen, og sidan dette fell på søndag, markerer vi dagen måndag den 24.

Og som MOT ambassadør vil vi sjølvsagt at heile idrettslaget deltek og då innebandy, handball, fotball, turn og trimgruppa 😊

Få med deg laget eller gruppa di til å gi andre èin fin dag

Dagen handlar om å spreie glede, sjå kvarandre og løfte blikket.

Korleis bidra? 
Sprei ekstra mykje glede ved å sende ei hyggeleg melding til nokon, møt andre med eit smil, eller kanskje ei god handling? Kanskje du veit om nokon som treng dette meir enn andre? Små ting betyr!

Vi håpar også lag og grupper i IL Hødd blir med å kåre «Årets gledesspreiar»

Vedlagt ligg stemmeskjema og diplom som du brukar til å stemme

løft fram gode førebilete med sterke verdiar