Bli medlem
Korleis bli medlem
All innmelding i IL Hødd skal skje digitalt via portalen Min idrett.
- Gå til minidrett.no og logg inn (eller opprett brukar).
- Søk opp «IL Hødd» i fana for medlemskap.
- Du kan velje å vere medlem i klubben (IL Hødd), eller i ei eller fleire grupper; Handball, Fotball, Innebandy, Turn, Trim,
Pris og betaling:
Medlemskap kostar kr 250,- pr år, og det kostar ikkje meir å vere medlem i fleire grupper. Faktura vert sendt ut i januar kvart år. IL Hødd har ikkje familiemedlemskap
Utmelding
Om du ikkje vil vere medlem lenger, må du melde deg ut via Min Idrett.
- Logg inn på minidrett.no
- Gå til «min side» i menyen, klikk på «medlemsskap» og meld ut som du finn til høgre under dei tre prikkane
Viktig:
Dersom du ikkje vil vere medlem neste år, og om du ikkje vil betale medlemskontigent, så må du melde deg ut av idrettslaget innan 31. desember. Medlemskontigent vert ikkje tilbakebetalt ved utmelding.
Informasjon til aktive, trenarar og lagleiarar
Alle aktive, trenarar og lagleiarar i IL Hødd skal vere registrert som medlem, og betale kontigent. Dette grunna krav som klubben har til sikkerheit og politiattest, obligatorisk trenarattest og forsikring.
Har du spørsmål? Kontakt oss via e-post:
robin@ilhodd.no eller
leiar_il@hodd.no